Kjære Christian Ringnes,

Gratulerer med dagen som var. Eg håpar at feiringa var fin.

Eg forstår godt at du feirar et langt og godt liv med familie og vener. Du har alltid vore sjenerøs og delt med oss andre som bur i Oslo òg. Eg er ikkje superfan av Kate Moss-statuen i Folketeaterpassasjen, men koser meg med dei andre statuane dine.

Delta i OsloDebatten

Har du en mening om denne saken, eller et annet tema? Send inn ditt debattinnlegg her

Oslo-folk har mange meninger om byen sin, og Avisa Oslo ønsker å publisere flere personlige og originale innlegg som beriker samfunnsdebatten.

Då du fekk plassert den fryktlause jenta framfor ambassaden til Iran i forbindelse med protestane i Iran, gjorde det meg glad. Mange av dei internasjonale venane mine satte òg pris på markeringa. Ein tydeleg markering som dei fleste av oss kan stille oss bak. Eg likar godt å gå i Ekebergparken og oppleve den fantastiske skulpturparken du har laga for oss alle.

Takk for alt du har gjort for byen min.

Denne helga klarte du òg å male heile byen raud og rosa utpå kvelden med flott fyrverkeri. Eg sett pris på at du vil dele feiringa med oss andre.

Fyrverkeri eit flott visuelt spetakkel, akkurat som dei flotte statuane dine. Men fyrverkeri er òg eit spetakkel i den andre meininga med ordet. Det er mykje lyd og ein del avfall. Folk som har erfaring frå område med krig og konflikt vart redde. Dei som har kjæledyr var tvungne å handtere redde dyr. Og dei av oss som er opptatt av naturen veit at både eksplosjonane, lyset og lydane skremmer vettet av ville Oslo-buarar og ender opp med ein del forsøpling av fjorden.

Eg vil derfor komme med ei oppmoding til deg til neste feiring.

Du er ein av fortroppane for visuell kunst her i byen og det siste store i fyrverkerikunst er å bruke dronar. Oppvisinga med dronar i Marina Bay i Singapore til feiringa av det kinesiske nyåret var spektakulær, men utan lyden og avfallet som ein får frå tradisjonelt fyrverkeri. Det burde jo vere deg som viser resten av Norge og Oslo korleis ein lagar spektakulære visuelle framsyningar mot den mørke nattehimmelen på eit miljøvennleg, dyrevennleg og menneskevennleg vis.

Eg ser fram til neste merkedag du vil feire, og håpar at du får mange av dei i åra framover.

Les flere kommentarer, debattinnlegg og Oslo-historier på Avisa Oslos debattside Oslodebatten.